Folksomt og hektisk på Slottsfjellet 1. mai!

Den femte utgåva av Slottsfjellstafetten er historie, og det blei ein hektisk ettermiddag på Tønsbergs tak: etter å ha rigga ferdig til kl. 11.00 i pent vårvær, slo værgudane til med sterk vind utover ettermiddagen. Heldigvis motstod den flotte målportalen frå Trimtex alle angrep frå vinden, og løparane våre "blåste" rundt løypa i superfart! Og apropos Trimtex: dei nye, flotte Sem-draktene frå Trimtex lyste opp heile Slottsfjellet og var kjempefine på dei 65 stafettløparane våre.

Først ute var 8-åringane våre, og Ole Låhne debuterte på Slottsfjell med bravur på 1. etappe. Han leverte til Aurora Pedersen, som i sin tur ga pinnen til Lotte Bergsholm. Lotte unnagjorde sine 215m i rakettfart, og sendte ut William Holtsdalen, som i sin tur leverte til Aron Drew, og han fekk gleden av å springe den første Sem-stafettpinnen i mål!

Deretter var det 9-åringane sin tur, og veldig hyggelig var det så sjå Eirik Skretteberg tilbake i friidrettsdrakta på førsteetappen! Det gjekk unna "i hundre", og Kristine Rogne fekk pinnen fort! Hedda Hagerup sprang med smil om munnen som vanleg, og veksla med Sigurd Folkedal, som til slutt ga pinnen til Emil Halvorsen! Flott springing av dei yngste på laget vårt!

Våre to lag i Jenter 10-11 år la også ut i rakettfart med Mathea Gundersen / Mari Enger, og Siril Bratvold / Ane Bergsholm sprang framme i feltet gjennom heile sine etappar. På 3. hadde vi Ada Westerlund / Olivia Kjærås, og 620m er langt, men Ada og Olivia beit tennene sammen og holdt ut! Kaja Nyland / Pia Anholt og søstrene Kathinka Bjørndahl / Mina Bjørndahl sørga for at pinnen kom velberga i mål, til flott 4. plass / 6. plass!

551530_10151377323501394_569443259_nRett etterpå var det guttas tur (10-11år), og dei kjempa framme heile løpet igjennom! Både Ajdn Han, Herman Hagerup, Jørgen Bolseth og Simen Gravningen gjorde flotte etapper, slik at  Daniel på sisteetappe hadde kontakt med lederlaget, og akkurat på slutten klarte han å slenge seg forbi STIF-gutten til seier! Stor jubel i Sem-leiren!

Vi hadde to lag også i Jenter 12/13 år, og alle fikk prøvd seg skikkeleg: Selma Folkedal / Bianca Santanello sprang først, deretter Nathalia Kjæraas / Sofie Lie, før Andrea Opstad / Maria Thorp la ut på den lengste etappen! Det gikk flott, så Ronja Holtsdalen / Rikke Tuengen kunne sende ut Kristin Venstad / Emma Pedersen ut på ankeretappen nesten likt! I mål var dei to laga omtrent skulder ved skulder!

Kjempespennande blei det i Gutter 12-13, der det eine Sem-laget kjempa i teten heile vegen! Even Gravningen fekk litt "tillegg" fra start, da startpistolen klikka, og dei andre stakk, uten lov…men han henta nesten alle inn igjen, og gjorde eit kjempeløp! Erlend Rønneberg gjorde sine saker flott på andre, og Mikael Grefstad Frøynes sprang laget heilt opp i front, då han passerte TFIK inn mot veksling. Veldig spennande blei det for Magnus Feen Linnerud på fjerde, som holdt unna inn til veksling! Moa Bollerud på siste kjempa mot Sørild skulder mot skuder, og på streken var Sørild ein liten meter forbi, men flott 2. plass til Sem-gutta! Det andre laget kjempa også i fremeste rekke, og fekk til slutt ein fin 6. plass. Her sprang Erik Rogne, Markus Kirsebom Andersen, Martin Anholt, Lamek Tesfai og Lars Greiff. Mange flotte løp av våre 12-og 13-åringar!

Vi mønstra to lag også i Jenter 14-15, og det eine laget kjempa i tetgruppa heile tida: Linnea Greiff innleia med eit solid løp, så Andrine Korsane måtte mobilisere alt ho hadde for å henge med! Det gjorde ho med glans, og leverte til Amanda Grefstad Frøynes som andre-lag! Amanda jakta på Sørilds jente, og inn veksling var vi først. Men Saga Bratvold og Helene Stokke møtte to sterke jenter frå Sørild, så det blei nokre meter inn til veksling. Likevel ein flott sølvplass, og tida 5,25 var klubbrekord. Alle jentene på lag to sprang fine løp, og Helene Kolle tok ein pause fra ponnitravet for å springe stafett for Sem, og det gjekk fint! Tonje Larsen feia gjennom 2. etappe, og sterke Malene Røed tok hand om den lengste etappen på ein fin måte! "Fotball-Frederikke" Amundsen var tilbake på laget på fjerde, og Tiril Holst fullførte prikkfritt opp bakken! Tida blei 6,13.

På Gutter 14-15-laget fekk desverre Halvor Elverum så vondt i achilles'en at han måtte stå over, og dermed stor dramatikk rett før start.Enden på visa blei at Andreas Thorp sprang dei to første etappene utan pause, og sjølv om han er sterk, var det umulig å holde følge med dei som fekk veksle midtvegs…Tøff innsats, Andreas. Stian Linnerud stod utålmodig og venta på langetappen, og når pinnen kom, gjekk det unna! Både Sondre Ellefsen og Even Torvik gjorde sine saker fint, og på tross av Halvors vonde achilles, kom laget i mål, og det var tøft! 

Til slutt var det ungdomslaget vårt, Jenter 16-18 år, uten ein einaste 18-åring, og kun ein 17-åring!! Det betyr eit lag som kan vokse inn i denne klassen over dei neste to åra! Likevel ga dei ngenting ved dørene, og var med i gullkampen svært lenge: Linnea Greiff gjorde sin andre førsteetappe på ein fin måte, og sendte ut Amalia Westerlund med fin kontakt. Amalia gir ingenting ved dørene, og stupte inn til veksling heilt på linje med dei beste. Fire jenter sprang omtrent likt ut på langetappen, 685m. Benedickte Myhre sprang litt avventande på første halvdel, og såg ikkje at Larvik Turn stakk ifrå, men inn til veksling var vi like bak igjen! Thea Alsaker sprang den raske 4. etappen, og det var ein veldig spennande innspurt, der Judith Westerlund til slutt tok 3. plassen. Flott løpt av alle fem!

Til slutt må vi gje honnør til alle foreldre-hjelparane, som arrangerte årets Slottsfjellstafett på ein prikkfri måte! Vi fekk masse skryt frå fjern og nær, og stemninga på fjellet er veldig positiv. Nesten 500 barn og ungdom var i aksjon, og med årets suksess blir det nok mange fleire i 2014! Vel "blåst", bokstavleg talt!